Tid..

For meg er tid ekstremt viktig.. kva betyr tid for deg..? Har du tenkt over det..?

Visste du at måten barn stavar kjærleik på er: T-I-D. Visste du og at alle har vi det vesle barnet i oss, innerst inni oss sjølve også i vaksen alder? Det vesle barnet inni deg kan kome ut og gjere seg gjeldande i ulike samanhengar utan at vi nødvendigvis har heilt kontroll på det. Heilt sant.

Det er følelsane dine som er meir eller mindre bearbeida. Det vesle barnet inni deg kan kome ut forsiktig eller eksplosivt om du føler deg trist, glad, sint, oversett, såra, gløymt, avvist, trakka på, fornærma.

For meg er tid veldig sårbart. Mitt vesle barn kan reagere og gjere seg gjeldande rundt temaet tid. Sjølv i vaksen alder kan eg reagere som eit lite barn, bli snurt, usakleg, reagere barnlig når eg ikkje føler meg prioritert. Det er tydelegvis noko eg har hatt med meg alltid, frå eg var heilt liten. Eg trur det har si årsak i mange ting. Blant anna jobba mor mi av ulike årsaker mykje heile barndommen min. Ho hadde gjerne to og tre jobbar.

At min far i lange perioder ikkje var emosjonelt tilgjengeleg har også mykje å seie med mi oppleving av tid = kjærleik. Barn treng ikkje mykje. Barn er vare, såre og merkar lett om vaksne er ekte, påkobla, tilstades eller ikkje.

Eg kan bli veldig stressa av dårleg tid. Av ulike grunnar har tid blitt ein viktig verdi for meg. Å ha lite tid kan raskt gi meg indre stress. God tid kjennes som viktig eigenkjærleik for meg. God eigenomsorg å gi meg sjølv god tid.

Det et også derfor veldig viktig å vere klar over dette slik at ein har strategiar for dei anledningene der ein kjenner det vanskeleg. Vere i forkant er jo godt. Det er viktig å vere seg sjølv bevisst, kjenne seg sjølv godt. Lurt å vere tydeleg på kva som er veldig viktig og mindre viktig.

Er det noko i livet mitt som gjer meg ekstra lei meg, såra, so er det når eg opplever at andre ikkje har tid. Det kan gjere vondt. Det gjeld mest dei næraste. Det å ikkje føle meg prioritert, det gjer vondt. Lite tid med dei eg er gladast i er noko som stikk.

Som kjæreste er eg ikkje so «dyr i drift». Ikkje når det er snakk om pengar konkret iallefall. Lite krav og forventningar om diamantar, gåver og gull.. men TID..der kjem du langt med meg..

Dette bildet over traff meg verkeleg.. det kjennes verkeleg som om det er meg dei snakkar om der. Det å oppleve at andre har lyst, vil prioritere tid på meg, det gjer inntrykk. Eg er var på tid og merkar raskt om nokon har dårleg tid. Både pr telefon og om nokon tripper, treng springe vidare. Slikt er eg svært kjenslevar på.

Det at ei venninde stikk ansiktet innom berre fordi «eg kan ikkje kome på festen, men ville ikkje du skulle tru at eg ikkje bryr meg..» DET kan røre meg til tårer.. for meg er slike ting stort.. då betyr det lite at du ikkje kunne bli lenge.. for DU KOM.. du brukte dei minutta det tok å køyre innom, satte deg ned nokre minutt.. du tok deg tid, endå du ikkje hadde.. slikt gjer meg rørt..

Eller når mannen min spurte kva eg ønska meg i gåve til bursdagen og eg med bøygd hovud kviskra «ingenting, men det kunne vore ein draum om du hadde tid til bursdagslunsj på dagen», såg ned i golvet og høyrte «Men sjølvsagt vil eg få til det!» Då trilla tårene..

Kva handlar dette eigentleg om..? Det handlar om at vi er forskjellige. Vi har ulik bagasje. Vi har hatt ulike opplevingar i barndommen som pregar. Det handlar om at vi har ulike kjærleiksspråk. Vi fylles opp på ulike måtar. Vi ladar, får energi på forskjellige vis. Eg har tid. Nokre set pris på gåver. Andre på tjenester. Fysisk berøring er og vanleg.

Når du får tak i kva som er viktig for deg er det heilt essensielt å klare og fortelle om det til dei rundt. Kva du treng, korleis du lades, kva som gjer deg godt, kva som hjelper, gir deg energi er viktig informasjon til dei nære.

For ein ting er sikkert og det er at få prøvar å skuffe med vilje. Få vil såre sine nære. Det er ikkje bevisst korleis vi håndterer alt rundt oss. Men veit eg, deler eg meir om kven eg er, korleis eg har det, dess lettare er det for dei rundt meg å forhalde seg til meg utan å skuffe, såre.

Denne helga har eg prioritert tid. Tid med mamma. Tid med tanter. Tid med ei god venninde på show. Tid med pappa på farten. Tid med venninde på café idag. Tid med syskenbarn med familie. Tid for meg sjølv. Kjenner meg heilt fylt opp av gode møter med kjente og kjære, fjerne og nære. Korte, lange, flyktige, intense. Tid.

Kjenner det rører meg at andre vil. At andre prøvar. At andre får til. Veit det ikkje alltid er lett. Vi er alle travle.. det er kvar sin gong å ikkje få til, men i mine auger har tid, måten vi brukar den på, måten vi prioriterer den på , vorte noko av det viktigaste og mest verdifulle vi har.

Eg har tru på å leve meir autentisk. Vere oppriktig, tydeleg, rett fram, men ærligheit med kjærligheit. Seie frå til dei rundt på ein omsorgsfull, omtenksom måte. Dette er det eg likar, ønskar, set pris på. Det er ikkje krav. Det er min opplevelse av kva som er viktig.

Kva er din opplevelse? Kva er viktig for deg? Kva tenker du om tid?

Heim..

Onsdag 16.10.19

Eg sit på bussterminalen i Oslo ein sein onsdagskveld.. ventar på nattbussen.. eg har veldig god tid her eg sit.. trivast aller best slik… med å vere tidleg ute slik som no.. tankane flaksar litt hit og litt dit..

Merkar eg går inn i ein rar modus når eg er på reise.. undrar meg over kvar dei skal.. dei andre som flyg hit og dit.. dei som stressar.. dei som luntar sakte bortover.. dei som ler.. dei som gret.. dei som ser glade ut.. dei som ser redde ut..

Kjenner eg sjølv blir i ein rar modus.. av å betrakte desse menneska som er på farten.. Eg kjenner plutseleg på vemod.. blir fanga i eigne tankar.. og undrar meg over vemodet og erkjenner etterkvart at det handlar om å vere på veg heim..

Merkar at dette vemodet er kjent.. har hatt før.. i denne situasjonen.. Undrer meg over det at eg blir so vemodig og himla tankefull når eg er på reise.. når eg reiser heim… til heimlege trakter..

Det er veldig, veldig lenge sidan eg har reist slik.. med nattbussen.. lenge sidan eg har tatt den.. kanskje er det so lenge sidan at eg var ein heilt annan person.. med heilt andre tankerekker.. tenkte på ein heilt annan måte.. heilt andre følelsar.. var på ein heilt anna plass i livet..heilt annan planet..men likevel den same jenta som sitt her no..

Berre nokre fleire år på baken.. nokre erfaringar rikare.. nokre fleire rynker her og der.. (smilerynker soklart..) nokre perspektiv som har endra seg sidan den gong.. klart på ein bra måte.. det er nok snakk om at synsvinkelen er utvida.. synet på andre er annleis.. tankane om andre.. kanskje følelsane i forhold til andre og..

Ja det er mykje av dette eg kjenner som kjem opp når eg reiser heim.. tankane og følelsane om kven eg var då og kven eg er no idag.. litt vemodig og rart.. fordi det kjennes som om det har vore slik ei uendeleg lang reise..

Dette temaet identitet, om kven eg var og er, vert liksom so tydeleg når eg er på veg heim.. når dei heimlege traktene nærmar seg.. det blir so tydeleg for meg korleis eg har hatt det.. at det ikkje har vore hverken so godt eller so trygt å vere meg..

Det kjem opp vonde minner rundt vemodet.. minner om å bli kalla grå, trist, kjedeleg, seriøs, prippen, heime.. vondt når eg no forstår at der ikkje var plass til so mykje anna i den jenta.. at ho kanskje var fødd inn i alvor.. at der var gode grunnar til at ho sjeldan hadde plass til so mykje anna enn alvor inni seg..

Det var jo gode grunnar til at den jenta hadde slik behov for å gå under radaren.. ho strevde jo etter å ikkje syns.. ho trengte å vere A4, normal, kjedelig, grå.. likevel vondt å bli tøysa med om det når grunnen til det overhodet ikkje var hverken humoristisk eller morsom.. men det visste jo ikkje dei.. korleis kunne dei vite det.. forstå det..?

For det syntes jo ikkje.. grunnen.. den gjer jo ofte ikkje det.. det synes ofte ikkje.. at nokon strevar.. kanskje nokon lurte.. men ein snakkar jo ikkje om slikt.. hvertfall ikkje då.. og ikkje so mykje no heller..

Men ho kjennes fortsatt som den same jenta.. ho som sit her no… mykje er det samme som før.. ho med dei lange tankerekkene.. ho som betraktar andre rundt seg og er nysgjerrig på kor dei skal.. korleis dei har det.. dei som sit rundtomkring her og ventar.. rett ved sidan av ho som undrar seg.. ho som lever seg inn i andre og deira situasjon.. ho som får so vondt av dei som strevar.. på ulike vis.. ho som fortsatt har følelsane på utsida.. ho er her.. nesten den samme som før..

Men dei følelsane har endra seg litt.. tankane rundt dei har utvida seg.. ho er i endring.. ho føler nok mykje av det samme.. men ho tenker annleis no.. ho har det mykje fredeligare inni seg, ho som sit her ikveld… dei opprører henne ikkje so mykje som før, dei følelsane.. dei sit ikkje i so hardt og so lenge som før.. ho har nye verktøy.. nye tankemønster.. ho har brutt ut av mange mønster.. heldigvis..

Og ikveld kan ho faktisk gå på bussen og tenke på andre ting.. legge frå seg han narkomane som hadde vondt og streva slik med å gå.. dei som politiet sprang etter.. dei ulukkelege som gråt og tok so sårt farvel med kvarandre.. ho kan la andre vere andre og gå vidare med berre seg sjølv og sitt i bagasjen.. det er ei stor endring.. det er nytt.. wow.. det kjennes fritt.. og godt..

Ho som satt her ikveld kan gå vidare med eigne tankar.. utan å bekymre seg so mykje om andre.. utan å ta so inderleg innover seg all verdas ulukke.. for det er jo klart at det blir altfor mykje med all verdas ulukke som finns der ute.. på hennar skuldre.. for tungt å gå rundt og bere på.. ikkje rart ho har hatt so mykje nakkevondt.. vore so anspent.. stram.. hatt so vonde skuldre.. migrene.. verkande hovud.. er det rart..?

Ho snakkar godt med seg sjølv no.. ho tryggar seg sjølv på at det er gode grunnar til at det har vore so sårt å vere til der ute.. det har ikkje vore bra å forholde seg so mykje til andres ulukke.. ikkje godt å leve utan filter.. ta inn alt.. og ikkje vite korleis forhalde seg til det.. kva ho skulle gjere med det.. ho veit litt for mykje om alvor.. og litt for lite om humor.. om det som gjer ho glad.. ho forstår so godt no at det er derfor.. trøyster seg sjølv..

Denne jenta har aldri hatt filter.. det er derfor.. skjønar det no.. ho såg for mykje.. tok inn for mykje.. ho gråt for andre.. heile tida.. forsvarte andre.. kjempa og stod på for andre.. slik har det alltid vore.. for mange inntrykk.. for lite filter.. trist.. men sant..

Det heiter å vere ekstra sensitiv.. ekstra følsom.. har ho no forstått.. lært.. ho her.. og det er ein styrke har ho funne ut.. ikkje ei svakheit.. det har ho iallefall bestemt seg for å jobbe med.. det tek tid å eige.. men det ER ein styrke.. å vere følsom..sensitiv..

Det er ein styrke å sjå andre rundt seg.. det er ein styrke å få med seg det andre kanskje ikkje får med seg.. det er ein styrke å føle med andre som slit.. so lenge du finn ein måte å forhalde deg til det på som ikkje slit deg ut.. som ikkje øydelegg deg.. ein måte å føle med, ikkje lide med.. når ein forstår og kjenner forskjellen på dei to..

Det er derfor eg idag kan gå vidare utan å legge halve meg igjen både her og der langs vegen.. slik som før.. det er slik eg vil ha det vidare.. det er slik eg vil forhalde meg til livet og det et møter på min veg.. det er den måten eg vil vere i verden på..

Eg vil kunne bruke den følsomheita, sensitiviteten eg alltid har hatt med meg til noko godt.. på ein måte som gjer meg godt.. på ein måte som er betre både for meg sjølv og for andre.. eg vil kunne møte andre godt.. vise forståing.. sjå.. annerkjenne.. lytte utan å bruke opp meg sjølv..

So når eg no vel å gå vidare med mitt.. utan å dra med meg andres ulykke på lasset.. då er det ein styrke.. å vere følsom.. å vere sensitiv.. då er det ein god ting i livet.. då er følsomheita og sensitiviteten god ❤️

Og tenk desse fine refleksjonane fekk eg ut av å sitte på ein busstasjon ein sein onsdagskveld.. her eg so mange gongar før har sitte og venta.. og drodla rundt travle mennesker med masse følelsar..ulike relasjonar.. takknemlig for denne turen til gode mennesker i livet mitt…. fine kvardagstankar..

Ønskar deg masse gode tankar og refleksjonar❤️ver glad for dei.. ver glad i det sjølv.. og tenk godt om deg sjølv.. snakk godt til deg sjølv.. då kjem vi so mykje lenger..og då vert det so mykje betre å vere deg..

Om det å kjenne seg «fucked up», samt dette å bli elska…

Kanskje er det ikkje berre Christian Grey som kjenner seg «fifty shades of fucked up»? Og kva handlar eigentleg «Fifty shades» om? Er det kanskje slik at det handlar om meir enn husmorporno? Heilt oppriktig har det vel mest med «auget som ser» å gjere. Sjølv må eg innrømme at denne historia vekte noko i meg som eg ikkje var heilt klar over kjentes so sterkt. Og det kan jo kjennes litt skamfullt ut å seie høgt. Klart det finnnes mykje god faglitteratur om forhold, relasjonar, sjølvutvikling. Men faktisk fekk denne historia, trilogien meg til å vakne..

Ta det med ro. Det var ikkje noko bdsm-dyr som vakna opp i meg, noko som i for seg hadde vore artig det og lese om kanskje? Nei dette er nok litt kjedelegare enn som so. Det handla ikkje so mykje om sex og den delen av intimitet sjølv om det jo er ein ekstremt viktig og essensiell del av ein relasjon fordi det jo er forskjellen på ein kjæresterelasjon og vennerelasjon.

Heilt ærleg kjennes det litt rart ut å skrive dette fordi «Fifty shades»-trilogien på meg stort sett virkar som noko folk ler av, synes er tåpeleg sex-tull eller likar i stillheit. Språket i bøkene er vel ikkje godt ansett av forståsegpåarar, historia er kalla billig, amerikansk og so vidare. Men for meg blei dette eit symbol på alt det starten på ein kjærleiksrelasjon er, kan vere. Nokre gongar er det jo ein drakamp mellom meg og deg, kor startar eg, kor sluttar du, kven er vi, kven vil vi vere, klarer eg å behalde meg sjøv i det eg går inn i relasjonen med deg? Kva gjer forelskelsen med oss, og korleis er det når kvardagen sparker inn I forholdet? Når også det vonde kjem fram. Når eg er sliten. Når eg ikkje likar meg sjølv. Kan eg forstå, stole på, få til og la deg elske meg då?

Sjølv om kjenner litt motstand, redsel for å bli dømt ville eg likevel dele desse tankane eg har gjort meg rundt denne historia. Den traff meg tydeleg på eit tidspunkt då eg trengte det, var klar for det. For eg er nemleg skapt slik at når nokon kritiserer, heng ut, snakkar ned noko blir eg nysgjerrig og vil finne ut kva mi meining er. Men når det gjeld litteratur heng eg gjerne litt etter. Vanlegvis. Finn ut av ting lenge etter alle andre. Ikkje heilt oppdatert der also. Det samme gjaldt «Fifty shades of Grey». Det opplevdes ei stund som om det var eit tema mange snakka om. Eg visste ikkje heilt kva det var, høyrte noko om husmorporno og tenkte, sikkert ikkje noko for meg. Sikkert kvalmt, rart, kjentes ubekvemt, flaut, forbudt. Huff.

Men so var det slik at den nærmaste venninda mi sa ho likte bøkene. Då blei eg plutseleg veldig nysgjerrig. Derfor ga eg meg i kast med fyrste boka, sjølvsagt lenge etter alle andre var ferdige, både mannen i gata og media. Må seie at eg var solgt frå fyrste side. Fengjande for min del. Blei stadig meir nysgjerrig. Var det på grunn av dei til tider inngåande beskrivelsane av intimitet? Nei. Sjølvsagt kjentes det svært befriande ut for ei altfor forknytt jente å kunne nyte utan skam, ja. Men nei dette handla om å bli heilt perpleks nysgjerrig på historia. Merka at forfattaren ville noko, og kjente at eg blei svært nysgjerrig på kor ho ville med det.

Mot slutten av den fyrste boka kjem ein erkjennelse frå den mannlege hovudpersonen. I fortvilelse når kvinna vil nærme seg hans historie, bakgrunn, pirking i kvifor han er so streng, treng å ha kontroll på alt, brukar kontroll i sexlivet utbryt han: «I`m fifty shades of fucked up». Fascinerande replikk som traff meir enn eg hadde forventa. Kanskje var det dette eg ante gjennom heile fyrste boka. Ein anelse om at alt har både ei framside og ei bakside. Den anelsen om den vonde baksida som kjem fram litt og litt. Korleis det å vere ein tøffing, vakring, perfekt, suksessfull utad eigentleg kan vere ei sjel som kjenner seg heilt fucked, ein person som ikkje våger sleppe nokon inn på seg, det å held andre unna både åndeleg og fysisk. Ingen kan vel oppriktig trivast med det, tenker eg utan å ha ei diagnose? Vere einsam, åleine. Samme kor rik du er, samme kor mange du sett utanfrå har rundt deg, om ingen får kome innpå deg, det gjer vel eigentleg ganske vondt? Kva er grunnen til at eit menneske vel å leve so adskilt frå andre og berre kan vere nær på den seksuelle fronten om ein får bestemme alt.

BDSM er overhodet ikkje mitt interessefelt. Men eg forstår kvifor det er tatt inn i denne handlinga. Her blir det jo ein måte å takle verden på. Ein måte å kanalisere hissig energi. Eit middel for å få ut grumset i livet sitt, slk at det ikkje går utover andre uskyldige. Eit verktøy for å kontrollere seg sjølv, energien og livet sitt. Alle har vi vel meir og mindre destruktive måtar å handtere vanskelege følelsar på. Usikker på kva mine er. BDSM er det iallefall ikkje. Sjølvskading i form av korleis eg behandlar meg sjølv, mht mat, mht kropp, er vel meir mi greie, snakkar meg sjølv ned, kritisk og stygg indre dialog er vel meir det eg strevar med. Heldigvis på god veg mot ein betre og meir konstruktiv måte å vere med meg sjølv I verden på.

Men for meg traff det veldig, dette å kjenne seg fucked up. Det satte i gong noko. Eg har vel i mange relasjonar i livet mitt følt at det er eg som er problemet. At eg blir rådvill i samhandling med andre, spesielt i dei nære relasjonane eg har hatt mtp det andre kjønn. I staden for å kontrollere nokon, har eg gitt opp meg sjølv, gitt meg hen på alle måtar, gjort den andre til fasiten, latt andre få regjere, få bestemme, utsletta meg sjølv.  Gjekk plutseleg opp for meg at grunnen til at eg trengte lese, sjå denne historia på nytt og på nytt og på nytt var at eg kjente meg so igjen i dette å kjenne seg heilt «fucked». Dette å ikkje alltid handle til sitt eige beste. Dette med kontroll. Dette med å skjule kva det eigentleg handlar om. Dette at vi alle har våre strategiar på å skjule/handtere korleis vi eigentleg har det.

Har ikkje har visst opp og ned på meg sjølv, følt meg heilt skada når det gjeld å skulle vere med eit anna menneske heilt og fullt, intimt, nært og oppriktig. Når den eine personen spør den andre, kva likar du? Eg treng å vite kva du likar om vi skal ha ein likeverdig relasjon. Hmm..korleis skal eg kunne svare på det når eg alltid har gjort som andre vil, tenker, synes, meinar. Korleis skal eg då finne ut kva eg vil, likar? Rart. Fin men vond erkjennelse. Den kom jo aller fyrst I det eg møtte ein person som møtte meg på ein heilt annan måte enn andre. Ein person som oppriktig likte meg for den eg var. Ein som såg meg inni augene, ville vite kva eg tenkte, trengte, likte, ikkje berre gjorde det han ville. Ein som sa han likte meg, ikkje kroppen, formene, puppane, rompa, augene, men meg. Men kven var eg, visste eg det sjølv? Kjenner meg igjen i usikkerheit som begge karakterane I denne historia har, med det å skulle gå inn I ein relasjon. Eg trur min mann frå starten av gjorde meg trygg, fekk meg til å kjenne det trygt å lyfte på lokket, vågde å gi han ein snik-kikk på kven eg er her inne. Han ga meg tryggheit til å starte på den prosessen det har vore å finne meg sjølv igjen. Lyst til å vise meg sjølv slik eg er. For eg har nok vore der inne. Berre gøymt vekk. Langt vekk.

Eg forstår motviljen til mange rundt denne historia eller mangelen på interesse, at den er uviktig, fordi settingen rundt desse to personane i historia er ekstreme, og veldig amerikansk. Han er rikaste ungaren i landet, ho berre er ei vanleg jente og kva er oddsa for at dei kan finne ilag? Samtidig tenker eg at det berre er metafor på kor ulike verdenar vi nokre gongar lever i og dei er trekt litt langt her. Men det å ha mykje pengar, eller ha blitt suksessfull handlar jo ofte om makt, kontroll, struktur og den som ikkje er so suksessfull lever med litt mindre forutsigbare utsikter. So kanskje er det ikkje so teit og uvirkeleg, langt frå virkeligheita som mange skal ha det til?

For meg signaliserer det berre det at motsetningar nokre gongar tiltrekker kvarandre. Og at det ikkje er berre enkelt. Det å leve I sus og dus skaper ikkje nødvendigvis lykke. Det skaper ikkje nødvendigvis ro og fred nok til å slå seg til ro. Ulikheiter tiltrekk oss innimellom. Kjenner mange forhold der det er store forskjellar, der den eine er sterk på kontroll, har oversikt, trygg økonomi og den andre parten har meir tilfeldig struktur på livet sitt. Ikkje uvanleg. Ulikheiter kan jo vere utruleg irriterande spesielt dette som gjeld økonomi, oversikt, struktur i livet. Men kanskje er det akkurat det som vert vert so intenst og innmari tiltrekkjande med det andre menensket og. Ein fascinasjon av noko ein sjølv ikkje er, har. Ei nysgjerrigheit på korleis går det å leve so annleis enn meg? Spennande med noko/nokon som er annleis? Det kan vere akkurat den uforutsigbarheita ved den andre mennesket som gjer det so spennande, pirrande, fascinerande, interessant. Det ukjente. Det utrygge. Det uvanlege. Det rotete. Det litt skumle.

Det å trenge kontrollere ting i livet sitt synes eg at eg ofte ser rundt meg, i større og mindre grad. Kjenner meg ikkje igjen i det å kontrollere, men kjenner til fleire som har det slik. At det er eit viktig verktøy. Det viktigaste verktøyet. Og at resten av livet, det å kome ut av det, handlar om å våge og sleppe opp kontrollen. At det å skulle vere i ein relasjon til eit anna menneske handlar om å finne balanse. At det ikkje går å leve med eit menneske som vil kontrollere. At forhold ikkje er eierskap. At relasjonen ikkje kan gå ut på å kontrollere den andre. Det handlar om å våge og sleppe opp. Få tak i kva det er som gjer so vondt, at ein trengte ty til kontroll. Våge og løyse opp litt. Våge og kjenne på livet slik det er utan kontroll.

Dette er ikkje enkelt. Det forstår eg godt. Det er ikkje enkelt å la det gamle, vante fare. Gå inn i noko nytt. Ofte handlar det om å dekke over vonde følelsar. Ofte handlar det om mangel på eigenkjærleik, om å finne det vanskeleg og elske seg sjølv. Kontrollere vanskeleg følelsar. Kontrollere det du kan, det som let seg kontrollere. Det å skulle leve med nokon som har det slik går jo ikkje i lengda med mindre ein er villig til endring. Det handlar om å våge og sleppe taket. Og det er ikkje gjort på ein dag.

Som eg nevnte kjenner eg meg ikkje personleg igjen i kontrollbiten i denne historia. Eg har vore meir den som lever i uvissa, er spontan, har blitt kontrollert heller enn å utøve kontroll. Eg kjenner meg derimot veldig igjen i den biten av historia der hovudpersonen seier «Du må ikkje elske meg. Eg kan ikkje elskes». Det kjennes trist ut. Det er trist. Å ha det slik. Vondt å ikkje føle seg fortjent til å vere elska. Korleis kan nokon elske meg? Det at det kan vere vanskeleg å møte nokon som elskar ein heilt og fullt når ein ikkje kjenner seg muleg å elske. Det kan vere utruleg vanskeleg å ta imot når ein ikkje likar, elskar seg sjølv. Det kan til og med prelle av. Og det er klart at det kan kjennes håplaust å elske nokon som ikkje tek imot.

Etter å ha lest alle tre bøkene, og sett alle tre filmane kjenner eg meg både igjen i den mannlege karakteren og den kvinneleg karakteren. Han som kjenner seg fucked up. Ho som er uerfaren og usikker på seg sjølv. Begge kjenner seg usikre på om den andre verkeleg vil, får til, har plass til den andre. Ganske vanlege følelsar, bekymringar i ein nær relasjon trur eg.

Trur det er mykje i denne historia som vi har i oss mange. Kor hen går vi, når vi er so ulike. Skal eg tilpasse meg deg eller skal du tilpasse deg meg. Finns der ein balanse. Korleis skal vi finne den? Kor er den? For den kan ikkje kjøpast. Den må erfarast. Den må leites etter, gjennom prøving og feiling. Dialog. Vilje. Sårbarheit. Gi og ta, diskutere, vere uenige, viser følelsar, annerkjenne, imøtekome, dele.

Om du tek bort alt det amerikanske ved denne historia, er dei berre to mennesker som balar med å finne ut kva det kan vere og vere i ein relasjon heilt på nært hald, tett i tett, korleis snakke ilag, korleis dele, kva som kjennes som avvisning, kva du sender ut og korleis det blir tatt imot. Føler det handlar rett og slett om korleis nærme seg ein person som er heilt annleis enn du. Og at det er muleg. Om ein vil nok. Synes den viser so fint alle sårheiter som er i ein relasjon mellom oss mennesker. Dei er der uansett kor suksessful, rik, vellukka utad du er. Du treng å stige ned frå din høge hest om du vil ha nokon nær, på ekte. Ut av komfortsona. Om du vil få til ein nær relasjon med eit anna menneske treng du å vise deg sårbar. Du treng å ha mot. Du treng å vise deg sårbar. Du treng å ville.

Og berre då kan det gå. Trur eg. Berre då kan det bli godt. trur eg. Når begge vil. Nok.

Karen-Mette

Å be om hjelp..

13.juni 2019.jpg

Dette om å ikkje trenge hjelp. Hæ? Hjelp? Gå vekk. Eg klarer meg sjølv! Eg har alltid klart meg.Eg klarer meg alltid. Sjølvsagt ordnar eg det, ikkje tenk på det. Eg klarere det sjølv. Hold deg unna. «I got his».

Ein eller annan gong i mitt liv lærte eg at det viktigaste her i verden er å klare seg sjølv. Det har gjort at eg ikkje har lært korleis be om eller kanskje ikkje ein gong forstått at det er eit alternativ i det heile tatt å kunne be om hjelp. Det er litt interessant akkurat det der faktisk, og litt vondt. Veldig vondt eigentleg. Om eg skal vere heilt ærleg. Og veldig vanskeleg. Det har skapt mykje trøbbel for meg, dette at ordet hjelp i mitt vokabular ikkje ein gong har vore eit alternativ. For det har jo ikkje mangla på mennesker i livet mitt som har hatt lyst til å hjelpe. So eg veit og har vel alltid visst at det finns hjelp og folk som vil hjelpe. Utfordringa mi har vel heller vore den tanken at om eg ber om hjelp då har eg tapt. Inni mitt hovud. Det er ganske hardt. Å gå rett i at då har eg tapt. Slik har det vore inni her. Slik er det faktisk inni her. Slik kjennes det ut. Slik er tankerekka. Om eg skal vere heilt ærleg. Ikkje særleg ok i det heile tatt. Ingen god følelse. Dette her. 

Og her kunne det vere interessant å tenke kvifor. Det er jo veldig vanleg å gå rett i kvifor har eg det slik. Kvifor tenker eg slik? Kvifor kan eg ikkje berre gjere som andre? Kvifor kan eg ikkje berre be om hjelp? Men visste du at ordet kvifor stenger av følelsane? At ordet kvifor kan vere meir øydeleggjande enn reparerande og at ordet kvifor faktisk kan stenge av so du ikkje finn den eigentlege grunnen til at ting er som dei er? Visste du at når du spør deg sjølv kvifor so stenger du av følelsane, hjertet, emosjonane dine og går rett opp i hjerna, tankane og prøvar å finne forklaringar? Det kan avlede deg frå det du er inni og forvirre deg, forstyrre deg til å vikle deg ut på andre vegar som handlar om å løyse problemet her og no i staden for å vere litt i det at noko kjennes vanskeleg, finne ut av kva følelsen å be om hjelp faktisk gjer med deg. Du kan risikere at prosessen, utviklinga du kunne hatt i å finne ut av dette stoppar opp. Du scroller vidare, du blir gjerne hard med deg sjølv, klandrere deg sjølv, kritiserer, kvifor har eg ikkje tenkt på dette før, kvifor har eg det slik fortsatt, kvifor klarer eg ikkje å ta meg saman slik andre gjer, kvifor er eg slik? Det er lett å definere seg sjølv på ein hard måte, den indre kritikeren kjem gjerne fram, for dette burde eg då ha rydda opp i for lengst, kvifor tuller eg med dette her, no må eg slutte og grave meg ned, dette burde eg då ha,kan ikkje eg berre. Ja kvifor ikkje berre??? Tungt, kritisk, hardt, kaldt, lite konstruktivt. Rett og slett.

Ein mykje betre måte for helsa di er å kjenne etter, undre deg med deg sjølv, bruke orda; kva er det som gjer at eg har det slik eg har det akkurat no. Kva er det som gjer at eg ikkje kan be om hjelp. Kva skjer om eg ber nokon om hjelp? Kva skjer inni meg om eg kjenner på det å be om hjelp. Spørreorda kva, korleis set i gong mykje sunnare prosessar i deg enn kvifor. 

Jau det handlar jo kanskje om redsel for å bli satt i bås, bli dømt, føle meg ikkje kompetent. Det handlar kanskje om at hvis eg ber om hjelp kan nokon definere meg som ei som treng hjelp, ei som er svak, ikkje kompetent, mindre handlekraftig, stusseleg. Då kan eg bli avslørt. Plutseleg kan folk sjå kor lite eg eigentleg kan, kor lite interessant eg eigentleg er, kor lite kunnskap eg har, at eg ikkje kan alt. Kanskje ser dei meg plutseleg slik eg er, som ei som ikkje kan alt, som ei som har manglar, ei som innimellom strever, ei som ikkje alltid er sterk, ei som puster, lever, er vanleg, normal, har det opp og ned. Hjelp tenk på det. 

Og kva so? Er det noko farleg då? Kan du alt? Er du god på alt? Er målet å vere alt? Og kvifor må eg kunne alt? Kvifor lyge om at eg kan alt? Alle veit jo likevel at vi alle er gode på forskjellige ting. Alle veit at vi innimellom bidreg på kvar sin front, har ulike sider, har sterke og svake eigenskapar. Kvifor skal alle kunne alt? Det gir jo so godt fellesskap å kunne dele på kunnskap, erfaring, handlingskraft, håndteringsevne. 

Det er klart at eg veit jo alt dette. Klart det beste er å dele. Men nokre gongar vert eg so opptatt av å skjule korleis eg har det inni meg. Og av og til trur eg at eg er den einaste som har det vondt inni meg. At eg er den einaste som ikkje mestrer alt. At eg er den einaste som ikkje alltid har det topp. At alle andre kan. At eg er den einaste som ikkje kan. Alt. Men kven kan alt? Er det nokon? Er det eit viktig mål? Å kunne alt?  

Nei sjølvsagt ikkje. Men dette handlar jo om kva eg har kjent på frå eg var lita. Du er kva du kan. Dei som kan, veit og dei som ikkje kan, veit. Det er dei og vi. Ikkje skule? So trist. Dei kan vel ikkje betre. Du er god nok når du kan. Du er god nok når du viser oss kva du kan. Du er god nok når du viser fram. Du må vise fram. Du må snakke. Du må vise. Du må argumentere. Du må diskutere. Du må lese. Og for Guds skuld du må utdanne deg. Høg utdanning, universitet, høgskule, sjølvklart. Og sjølvklart må du kunne vise kva du har lært. Du må fortelle, formidle, lære, lese, vise, kunne. Du måmååmåmåmåmåmåmåmåm….Utruleg mykje eg har lært at eg må also.. 

Kan jo bli sliten berre av å lese dette avsnittet om igjen. Klart at eg ikkje vil ha med meg alle desse må`ane, skal`ane, bør`ane. Dei er ikkje mine! Dei har eg over tid lært å ha med meg. Og eg har tydelegvis fått alt for lite av vil. Kva vil du? Kva har du lyst til? Kva kjenner du er rett for deg? Hææ? Blir nesten flau om nokon spør. Veit ikkje kva eg skal svare. Heilt ærleg. 

Sjølv om eg har kome eit stykke på vegen i denne reisa mi frå hovudet til hjartet, må eg innrømme at sjølv medan eg sat og skreiv denne teksten trengte eg å redigere, øve meg på å omfomulere setningane som mine, med vil eg, har eg lyst, eg treng, i staden for må ein/man, ein bør, kan ein, ein skal..

Eg har verkeleg trengt å starte på nytt. Restarte vil eg kanskje kalle det. Vil du høyre ein klisjè? Om du snur vil bakfram blir det liv. Kvalmt? Ja kanskje. Men veit du? Det er sant. Om du jobbar iherdig med deg sjølv, dag for dag, time for time, so er det muleg å snu sjølv alle ting du må, kan, bør, skal om til vil i kvardagen din. Du VIL sette på vekkarklokka tidleg, for du VIL levere tidleg i barnehagen for du VIL ha god tid til jobb, for du VIL ha god tid før det møtet startar. Du VIL levere barna på fritidsaktivitetar for det skapar gode relasjonar for dei med nabobarn, skulevennar, viktige band til jevnaldrandre. Du kan lage tid til deg sjølv og jogge deg ein tur fordi det gjer godt for helsa di medan dei er på treninga si. Men VIL du det? Du kan velge å sitte i bilen på ein parkeringsplass og lytte til favorittpodcasten din, meditere ein halvtime, lytte til roleg musikk medan dei er på aktivitetane sine. Det ER muleg å finne tid til deg sjølv i kvardagen. Hvis du veit korleis du lader då. Om du veit kva du treng. Om du har tatt deg tid til å kjenne etter kva som trengs for at ditt liv skal kjennes meir ut som ditt. Om vi startar å kjenne etter kva som gjer oss godt og kva som gjer vondt verre kan faktisk livet, kvardagen bli sakte men sikktert litt betre.

Alt dette er ei treningssak. Eg trenar masse. Endå. Kjem sikkert alltid til å trenge og trene. Ulike arenaer, situasjonar skaper nye utfordringar for oss der det er viktig å gå inn og kjenne kva treng eg, kva vil eg, korleis kan eg få til dette på beste måte. Og når eg kjenner etter so er jo innimellom løysinga kanskje nettopp be om hjelp. Og ved å kjenne etter kva eg treng hjelp til, kven eg vil be om hjelp, kva tid eg treng hjelp er jo eigentleg halve jobben eg treng hjelp til gjort og. Nokre gongar kan jo berre det å opne opp inn i meg for at eg kan be om hjelp til noko, løysinga på det som er utfordringa. For det er klart at det er jo godt å mestre ein del ting sjølv. Mestring er den beste følelsen. Men det er kanskje ikkje nødvendig å mestre alt, åleine, på min måte, heile tida? 

Etter mykje endring, sjølvutvikling og sjølvransakelse kan ein jo spør seg, men kva er det som gjer at eg fortsatt i dag kan streve med å be om hjelp? Jau situasjonen i dagens samfunn er jo at alt ser so fint ut der ute. Vi ser so mykje vi ikkje såg før. Det ser jo ut som om alle har det so fint. Meir i dag enn før ser vi jo gjennom sosiale medier kor flott alle til ei kvar tid har det. Fordi vi vel kva vi deler. Fordi vi styler eit hjørne i huset for å vise fram kor flott vi har det medan vi sjølvsagt ikkje delar at resten av huset ser heilt vanleg, rotete ut fordi ei heil familie bur der, fordi døgnet ikkje har meir enn tjuefire timar, fordi vi er slitne i kvardagen, fordi vi alle er heilt normale og fordi normalen er vid. 

Men slik kjennes det ikkje ut der ein betrakter andres liv på avstand. So kva om vi alle delar litt meir av det uperfekte. Av korleis vi har det. Av korleis det eigentleg ser ut. At vi tørr å be naboen inn på kaffe sjølv om det er rotete. For det er kanskje ikkje rotet naboen bryr seg om. Og kanskje. Kanskje har naboen brukt lang tid på å kvinne seg opp til å be akkurat deg om hjelp? Men korleis skal andre våge å be deg om hjelp om du kniper sammen og smiler gjennom tårene gir eit inntrykk av at idealet er å aldri trenge hjelp. Korleis skal eg våge å be deg om hjelp om du aldri ber meg om hjelp? 

Eg vil starte med å vere i verden på ein måte som er god både for meg og for andre. Eg vil ta godt vare på meg sjølv, be om hjelp om eg treng det, dele både når eg har det godt og når eg har det vanskeleg. For berre slik kan verden bli meir hjertevarm og hjertegod. Eg treng deg og du treng meg. Vi treng kvarandre. Vi treng å bli møtt. Vi treng å tilby hjelp og be om hjelp. Støtte kvarandre. For det er kvar sin gong, det er heilt sikkert, dette å trenge hjelp. Og vi treng hjelp til både stort og smått. Det som er stort for meg er kanskje lite for deg. Men det veit vi berre om vi delar. Med kvarandre. Om korleis vi har det. 

So her er eg. Kor er du? Vil du vere med meg på reisa? Vi kan jo finne ein veg ilag. For ein ting er sikkert. Mange synes kanskje det er prisverdig å stå der og gråte gjennom smilet og seie: eg klarer det. Ho er so sterk ho. Ho er so tøff. Ho klarer seg. Men sannheita er at eg vil mykje heller ha ein lang, varm, fast klem, nokre gode ord og eg vil heller få høyre: «Kjære gode, flotte du. Eg ser deg. Eg ser at det ikkje er lett. Eg er her og vil gå denne vegen ilag med deg på den måten du treng det, når du måtte trenge det. Eg veit du kan men eg er her fordi eg vil.»

Hjerteleg god, varm klem til deg. Takk for tida di. Den set eg inderleg pris på.

Helsing Karen-Mette

«Korleis har du det?»

Det er godt meint at folk spør, men eg veit jammen ikkje kva eg skal svare på det. Det er eitt spørsmål det jammen ikkje er så lett å svare på for tida.. På utsida ser eg sikkert normal ut. Sminke, rouge, kle som sitt greitt, flette, smilar når eg skal, konverserar om det som passar, arrangerar grillfest, har overnattingsgjestar i huset annakvar helg.

Huset er ikkje reint. Klesvasken veks ut av skittenklekorga. Kjøkkenbenken er konstant full. Oppvaskmaskina står stadig ferdig med open dør, utømt. Kvardagsgjeremåla slit ut min mann som jobbar seint nesten kvar kveld, men likavel prøvar å overbevise meg(ev.seg sjølv) at det er greitt at han tek ”litt ekstra i” no når vi held på med denne prosessen…. Det er ikkje greitt..

Finn meg sjølv heime åleine i sofaen hulkande.. akkurat fått beskjeden om at egget faktisk ikkje kom so longt at det vart befrukta ein gong, denne gongen og antakelig var umodent, also inga egginnsetting, to månedar med behandling forgjeves, går also frå haldninga; halde ut drittbehandling for forhåpentlig det mål å bli gravid – til forgjeves sjølvpining med null resultat anna enn at kroppen er utsleten, appetitten er heilt feil, verker, svir og murrer overalt, lagt på meg endå meir kilo…

Og eg tenker endå ein gong; kva har eg gjort mot meg sjølv? Kva er det eigentleg eg ofrar for at vi skal bli foreldre…? Livet mitt ? Eg er sjukmeldt, utslitt og heime for å ta meg inn igjen.. Men når er ein inne igjen? Kva skal til for at eg kjem meg til hektene igjen. Greier eg noko anna enn å få hovudet over vatnet. Når kjem eg til å ha meir enn hovudet over vatnet? Kva er målet og kva er realistisk. Det er ikkje lett å skulle begynne på den reisa eg er på vei inn i. Tre inn i dei barnlauses rekker. Det er ikkje noko eg gledar meg til å gå inn i. Hadde aldri trudd eg skulle vere ein barnlaus person. Har alltid sett for meg å bli foreldre til eigne barn, eg. Ikkje visste eg at eg skulle bli ein av dei som alle skal gi råd; dykk kan jo adoptere, har dykk sjekka mulightene for eggdonor, surrogat, det er jo mange barn som treng å bli tatt vare på her i verden, dykk kan jo vere fosterforeldre, det er jo mange muligheter for å få barn…

Jada, men vi treng å få bearbeide at vi ikkje kan få eigne barn, vi.. Vi hadde like lyst til å få eigne barn som alle andre rundt oss so eksemplarisk har greidd i hopetal. Svært mange klagar over livet dei tilfeldigvis dumpa inn i ; å bli foreldre. «Det er så slitsomt, dykk er so heldige som kan sove lenge, dykk er so heldige som kan reise, nyt at dykk har god råd…» bla, bla, bla….

Vi treng tid på oss til å få bearbeide at vi ikkje får til å få barn. Det er eitt sårt ønske for oss begge som vi ikkje har kontroll over, som er avslått, som for sjette gong har slått feil, som treng å få modnast inne i oss.

Og korleis gjer ein slikt? Korleis bearbeidar ein slikt? Ikkje veit eg. Men det eg veit er at eg må få gjere det på min eigen måte. Eg treng ikkje at ein lege skal fortelle meg kva som er grunn og ikkje grunn til sjukemelding. Eg treng ikkje at eitt anna menneske skal fortelle meg/bestemme at det er best for meg å vere på jobb, når eg ikkje klarer å gi det eg er vant til å gi på jobb. Eg må forvente mindre av meg sjølv i ei periode.. Det er jo berre det at denne perioda har vart i fire år for meg no. Og eg kan jo ikkje fortsette med å forvente so lite av meg sjølv at eg til slutt ikkje finn igjen meg sjølv….

Sit i sofaen med Jessica Fletcher på tv`n med ei episode eg ikkje har fulgt på med fordi laptopen ligg i fanget med nettsida som takkar meg for å ha kjøpt gullmedlemskap i Grete Roedeklubben, ein annan takkemail for at eg har bestilt grønn kaffe-slankepille på ei anna nettside der ein er lova å gå ned masse kilo på kort tid, noko som passar godt med at eg i sommar skal på sydenferie med familie der eg ikkje har lyst å gå rundt som ein kval som ikkje har tatt vare på seg sjølv siste åra-tjukk.., mail frå Jobzone som lurer på om eg fortsatt vil ha nettprofil hos dei og fortsatt er interessert i jobbalternativ frå dei – noko eg sjølvsagt er interessert i sidan eg antakeleg ikkje greier å fortsette i denne jobben eg er så god på; å ta vare på barn, telefon frå sjefen på jobb som lurer på korleis det går og at eg berre må ta meg tid til å kome til hektene igjen, facebookoppdateringar om alle som er blitt gravide, kor langt dei er på vei, og kva kjønn som kjem til verden til hausten..

Surrealistisk.. Vanskeleg å forhalde seg til verden som berre går vidare sjølv om eg sitt her og hulkar, gret og ikkje veit korleis eg skal forhalde meg til alt dette. Eg vil jo vere positiv, eg vil jo ha vennar, eg vil jo delta i liva deira med dei gleder og sorger det inneber, og eg må jo leve med at deira liv er annleis enn mitt.

Korleis har eg det?? Eg veit faktisk ikkje heilt. Eg skal ialle fall ikkje fortsette å ha det slik eg har det i dag. Det er heilt sikkert. Eg skal fortsette å stå på for og ha det bedre både for min eigen del og for mitt ekteskaps del. Vil ikkje at min mann skal drive og måtte vere bekymra for kona si. Eg vil jobbe for å kome meg gjennom denne sorgen som det er å vere ein av mange voksne mennesker her i verden som er barnlause.

Men akkurat no, skal eg prøve å akseptere at ting er vondt, leitt og trist.. Eg skal berre la tårene få kome og tenke at det er sunt at dei kjem ut og får renne fritt ein dag eller to til, før eg går vidare og kjem meg tilbake til jobb og kvardagen igjen….

20130522-165831.jpg

Einsam, einsamt, einsemd..

Eg er ikkje åleine eigentleg.. Det veit eg..

Viss eg virkelig tenker meg om..

Innerst inne so veit eg det..

Eg er heldig sånn..

Veit at eg har mange rundt meg..

Det er mange som vil hjelpe, strekke til, vere til for meg..

Eg er kjempe heldig..

Eg veit det også..

Men likevel så einsamt..?

Likevel..

Og ikkje minst desto meir håplaust..

Kvifor føler eg meg då so åleine, når eg ser alle dei gode rundt meg..

For eg ser eigentleg dei som finns der ute, rundt meg..

Ofte..

Av og til..

Innimellom ser eg dei..

At dei står der..

Alle dei gode som vil ver nær, som bryr seg, som berre vil alt godt..

Korleis kan eg føle meg so åleine når dei står der og spør meg; kva er det eg kan gjere?

Mange av dei vil..

Mange av dei meinar det.

Det ser eg, og det veit eg..

Mange av dei spør meg; kjære deg, eg er så lei meg, kva kan eg gjere for deg?

Men eg veit jo ikkje..

Eg har jo ikkje noko svar..

Eg har i alle fall ikkje berre eitt, enkelt svar…

Lytt til meg?

Lytt til meg når eg er lei meg..

La meg få fortelle det, når eg er lei meg..
La meg gråte, når eg er lei meg..

Ikkje prøve å trøst meg..

Ikkje gi meg råd, ikkje fortel om alle dei som har kome over det, ikkje fortel om alle dei som har klart det.

Ein nabo, granne, tante, systera til faren til mora til dattera har også opplevd det…

Eg treng ikkje alt det..

Det hjelper meg ingenting å høyre om alle dei som har klart, gjort, sagt, prøvd..

Fell ei tåre, lytt, vis at du bryr deg, gi ein klem…

Tørr å vise meg at du er lei deg, du også..

Kanskje det hjelper litt..

Det hjelper veldig å ikkje kjenne seg så åleine om å vere lei seg..

Det er so einsamt å vere lei seg åleine..

Vel eg å vere åleine?

Er det eg sjølv som vel å vere åleine?

Er det noko med meg som gjer at eg blir åleine?

Blir eg åleine, eller er eg åleine i det heile tatt?

Er eg berre ei bortskjemt vestleg jente som syns synd på meg sjølv og velter meg i overklassens luksus mens eg sutrar og klagar over detaljar som er andre forunt å nokon gong tenke på, vurdere, velge??

Eg har verdens beste mann..

Vi er to..

Vi er heldige som har kvarandre.

Det veit vi..

Vi har fast jobb begge to. Godt betalte er dei også.. Jobbane våre..

Vi har stort og fint hus..

Vi har straum, innlagt vatn, varmt vatn, kaffemaskin, kjøleskap med isbitmaskin og all verdens luksus som andre berre kan drøyme om..
Forstår det..

Forstår at eg er kjempe heldig…

Kva har eg eigentleg å klage på??

Ingen verdens ting, meinar kanskje mange.

Det er berre å flytte fokus..
Tenk på hyggjelege ting..

Tenk på kor heldig du er..

Tenk på alle som har gjort, sett, opplevd, prøvd, mista, dødd….

Lista er uendeleg med andre som…….

Tenk positivt..

Positiv energi, yoga, antistress meg her og der..

Tenk kor mange som har det verre..

Tenk kor mange som ville hatt ditt liv..

Husk !! kor heldig du er..

Husk på alt du har, alt du har muligheita til som ikkje andre har..

Lev livet..

Opplev..

Reis..

Nyt at dykk har god økonomi..

Nyt å sove når du vil..

Nyt åleinetid med bok, på cafè..

Nyt friheita..

Nyt kvarandre..

Nyt, nyt, nyt !!

Ja det er slike råd folk gir..

Det er slikt folk seier, når du fortel at du er ufrivillig barnlaus..

Dei kjem med betryggande beskjeder om at det er mange som vel å ikkje har barn også..

Mange seier dei hadde greidd seg godt og vore glade for å leve livet om dei ikkje fekk barn..

Det må jo vere kjempe fint å berre kunne leve livet utan barn.

Det er jo kjempe mange som kosar seg utan barn.

Det er jo ikkje den einaste meininga med livet å få barn vel??

Men har dei prøvd å leve utan barn??

Har man grunnlag for å vite korleis det kan vere å ikkje har barn, når ein lett har fått barn?

Dei trur det er berre å tenke på noko anna..

Dei trur det er berre å snu fokus..

Dei trur det er berre, berre, berre..

Veit ikkje.. Kanskje det berre er syting.. Kanskje det berre er luksusproblem.. Kanskje eg berre er ei bortskjemt jente.. Bortskjemt, overfladisk jente frå vestlig verden som klagar og gret over bagatellar..

Kjennes i alle fall vondt ut..

Det er vondt..

Når einsemda legg seg over meg..

Den er som eitt teppe..

Som kjem frå ingenstads..

Det legg seg over meg..

Det kveler meg..

Eitt øyeblikk..

Det kjem, uten at eg vil det..

Eg vil ikkje.. Eg vil ikkje vere ho sure..

Eg vil ikkje vere ho som aldri kjem.. Ho som alltid blir heime..

Eg vil ikkje vere ho som stadig glimrar med sitt fravær.. som backar ut frå avtalar..

Eg vil ikkje vere stram i maska..

Eg vil ikkje sjå ut som eg er sur..

Eg vil vere blid.. Eg vil ha det bra.. Eg vil gå vidare.. Eg vil klare det.. Eg vil vere ho positive.. Eg vil vere ei sol.. Eg vil ha energi!! Det står ikkje på det..

Men eg klarer ikkje..

Ikkje alltid..

Når dei tunge følelsane kjem..

Urettferdighetsfølelsen kjem..

Eg vil ikkje, kan ikkje, har ikkje tid..

Har ikkje tid til å sitte ein heil dag å gråte i einsemd på badet..

Kroken på badet..

Det er der eg alltid sig i hop..

Det er der eg alltid finn meg sjølv hulkande..

Tårene renn i varme, strie straumar nedover kinna..

Knea er tett inntil kroppen..godt oppunder haka..

Sliten av barnløshet og stadig håplaus og resultatlaus prosess.

Er tiltakslaus, hjelpelaus, energilaus, utarma og oppgitt.

Hater å vere i den jobben eg er «tvinga» til å vere i akkurat no.

Må ha pengar..

Må bidra..

Må ha inntekt..

Må ha fast lønn kvar månad..

Må, må, må..

Det er eg sjølv som pålegg meg alt dette..

Det er ikkje min bedre halvdel..

Må klare..

Skal mestre..

Vil leve..

Vil ikkje visne..

Trivast med jobben.

Elskar å vere til nytte for andre..

Elskar det eg driv med..

Elskar yrket mitt og brenn for barn, familie, oppvekst, barndom, veiledning av foreldre, pedagogikk, pedagogisk dokumentasjon, psykologi, menneskeleg utvikling, personalutvikling..

Det er min greie det her ja..

Er berre det, at det er heilt totalt feil å jobbe med barn når vi ønsker oss barn.

Slit meg heilt fullstendig ut.

Aldri fri.. Har ikkje piffen til å bytte beite..

Fordi eg er så sliten.

Sliten av heile driten..

Veldig ond sirkel..

Korleis skal eg kome meg ut av den?

Vil ut av den?

Kven kan hjelpe meg?

Treng hjelp??

Hjeeelp!!!!

Det er eg sjølv som må klare det..

Det er heilt sant..

Eg må snu fokus..

Eg må tenke positivt..

Eg vil drive med yoga..

Eg vil jobbe med stressnivået mitt..

Vil roe ned tempoet, roe ned livet mitt..

Det forstår eg også..
Det er godt for meg alt dette..

Så det er ikkje det rådet eg treng frå andre..

Eg har det ikkje så godt..

Eg har jo heller ikkje hatt det så godt siste åra.

Er litt rådvill og rådlaus.

Vi må snart stoppe og prøve..

Det er ein heilt forferdeleg tung, vanskelig og einsam prosess..

Men vi ser oss snart nøydde til å gå inn i den prosessen..

I lag ..

Vi to..

For eg har harn med meg..

Han elskar meg i eitt og alt..

Det veit eg..

Det trur eg på..

Og det gjer han..

Men no må eg ta tak i mitt liv..

For det er mitt liv som forsvinn bort frå meg..

Det er mine timar som renn ut av glaset..

Det er mine vennar som forsvinn bort frå meg…

Viss eg ikkje kjempar for å finne meg sjølv igjen..

Føles som eg har vore borte lenge..

Vil finne igjen mitt eige liv..

Vil ha tilbake min eigen kvardag igjen..

Eg vil ha tilbake kontrollen over livet mitt, som barnløsheita har tatt frå meg..

Eg vil ta tilbake dagane mine, yrket mitt, fokuset mitt, konsentrasjonen min, interessene mine.. som barnløsheita har skyvd så langt bort frå meg..

Eg vil ha tilbake livet mitt!!!!

Og det har eg no bestemt meg for..

So no har eg sagt det..

Og då må eg gjere det også..

Skritt for skritt skal eg ta alt tilbake, som barnløsheita har stole frå meg..

Bilde for bilde..

Minne for minne..

Skal eg sakte men sikkert ta tilbake desse seks åra vi har prøvd, ønska, håpa og gledd oss til å få eitt eige barn..

No er det nok..

Trenden er herved snudd..

Veien skal herfrå bli lysare..

Og eg skal frå no av styre min energi, kva og kven eg vil bruke den på..

Eg gledar meg til å starte på å snu om på livet mitt..

No skal eg ta tak i mitt eige liv og min eigen kvardag.

Einsemd forsvinn…

Bort frå meg..

Forsvinn

Laurdagslykke..

image

Skrell og kutt nepe i terninger, gulrot i skiver, finhakk liten kvitløk, liten pose kantareller som småhakkes litt, litt chili, halv pose spinat, steik alt litt, fres 150-200g kyllingkjøttdeig ilag m litt vårløk i eiga steikepanne, hell oppå og bland med ferdigstekte grønnsakene.. Krydre med salt og pepper. Vips!! Deilig og sunn haustgryte.. Livet er herlig.. Berre du sjølv som bestemmer kor herlig det skal fortsette å vere framover.. Med eitt fullt og godt glas Lier eplemost el Frisk og Frodig Telemarks eplemost, er kvelden fullendt.. Blir ikkje bedre enn dette. Jau, forresten. Lene seg bak i armkroken til verdens beste mann, so blir kvelden plutselig ti hakk enda bedre. Jauda.. Eg er verdens mest heldige jente akkurat no. Sette pris på det gode ein har, leve her og no, nyte livet fullt ut, er min viktigaste leveregel.. Og ver mot andre slik du vil dei skal vere mot deg. Då kan ingenting gå gale.. God laurdag!!